Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  1 (Kva er historie?)   >  Portrett  >  Herodot
   
  1. KVA ER HISTORIE?
 
Nettoppgåve
 
Portrett
 
Kart og tidslinje
 

Herodot – Den første historikaren?

Herodot (ca. 484–424 f.Kr.) blei fødd i ein gresk koloni på den tyrkiske vestkysten, og blir rekna av somme som den første historikaren. Andre ser han heller som «den første løgnaren». Tvitydnad passar kanskje når vi skal karakterisere den personen som hører til ved rota av stamtreet til historikarane?

Historia om vekst og fall i det persiske riket
Vi kjenner berre eitt av verka hans, Historier. Her fortel han om korleis det persiske riket og dei to greske bystatane, Sparta og Aten, voks fram, og om krigane mellom persarar og grekarar mellom 499 og 479 f.Kr. Men Herodot gjer meir enn å fortelje; han finn eit mønster av vekst og forfall i historia, og han forklarer mønsteret.

Vekst og forfall
Framgang fører til overmot, og overmot vil bli straffa, seier han. Dessutan hevdar han at ein erobrarkultur må vere «hard» og enkel. Men når ein slik kultur erobrar ein som er meir utvikla, altså ein «mjukare» kultur, vil den harde bli påverka, og dermed utset han seg for erobring.

Gigantiske maur og flygande slangar
Herodot bygde for ein stor del på munnlege kjelder, og han gjenfortalte mykje rart, bl.a. historier om gigantiske maur og flygande slangar. Men han gjekk ikkje utan vidare god for alt han skreiv ned, og merkelappen «den første løgnaren» er nok ikkje heilt rettvis.