Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  2 (Historiske kjelder)   >  Arbeidsoppgåver  >  Multimedieoppgåver  >  Hola i Lascaux
   
  2. HISTORISKE KJELDER
 
Arbeidsoppgåver
 

Hola i Lascaux

Lascaux-hola ligg i Frankrike, litt aust for Bordeaux. Ho blei oppdaga heilt tilfeldig i 1940. Ho inneheld måleri som kan knytast til ei tidleg grein av mennesket, kalla Cro-Magnon-mennesket. Hola blei stengd i 1963, men ein kopi i full storleik av sentrale delar av hola er laga for publikum.

Dette arbeidsopplegget tek deg med på ein rundtur i Lascaux-hola. Du legg ut på ei virtuell reise ved hjelp av Internett. Dersom du skal ha skikkeleg utbyte av turen, må du ha med deg notatblokk og kamera. (Det held at du opnar eit dokument i tekstbehandlaren på datamaskinen, og at du kopierer bilete frå turen inn i dokumentet.) På bakgrunn av dette kan du lage ein kort presentasjon. Du vel sjølv korleis presentasjonen skal vere, men du bør passe på at spørsmåla og stikkorda under er dekte.
  1. Korleis blei hola oppdaga? Korleis er ho blitt til? Kor gammal er ho, og kor stor er ho?
  2. Kva kan holemåleria fortelje om tidlege samfunn?
  3. Har slike historiske funn nokon verdi for moderne menneske?
  4. Kva er det som set hola i Lascaux og dei historiske minna i fare? Kan dei bli øydelagde? Korleis kan ein ta vare på dei?
  5. Er det viktig å bevare historisk materiale? Grunngi svaret ditt.

Nettstad:

http://www.lascaux.culture.fr/#/en/00.xml
Ein guida tur gjennom Lascaux-hola. Pedagogisk tilrettelagd, med engelsk tekst.