Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  3 (Jordbruk og sivilisasjonar)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Sivilisasjonar
   
  3. JORDBRUK OG SIVILISASJONAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Sivilisasjonar

I kapittel 5 i Portal – Verdshistorie og Norgeshistorie før 1750 kan du lese om dei store sivilisasjonane. Kva er det som gjer at vi kallar somme samfunn for sivilisasjonar? Korleis blei desse sivilisasjonane dominerande i ulike delar av verda, og kvifor gjekk dei til grunne?

Les artiklane du finn på nettsidene under og svar på spørsmåla.
  1. Kva kjenneteiknar ein sivilisasjon? Sett opp ei liste med typiske kjenneteikn.
  2. Det finst ulike teoriar om opphavet til sivilisasjonane. Nemn nokre av teoriane, og forklar innhaldet i dei med eigne ord.
  3. Gjer greie for fallet til ulike sivilisasjonar.
  4. Kva fann ein i Casmadalen og i Caral, og kva kan dette fortelje oss?

Nettstader:

http://www.snl.no/sivilisasjon
Om sivilisasjonar frå Store norske leksikon.

http://www.nrk.no/programmer/tv/schrodingers_katt/1907015.html
Nettside frå «Schrödingers katt» om opphavet til sivilisasjonar og Casma- og Caral-utgravingane (inneheld også utanlandske lenkjer til desse funna).

http://www.forskning.no/Artikler/2005/januar/1105366065.25
Artikkel om årsaka til at den minoiske kulturen på Kreta gjekk under frå forskning.no.

http://www.forskning.no/Artikler/2007/mai/1178111824.72
Artikkel frå forskning.no om kvifor sivilisasjonar gjekk til grunne.

http://www.learner.org/exhibits/collapse/
Om veksten og fallet til sivilisasjonar. Nettstaden er på engelsk, men er ikkje så vanskeleg.