Jordbruksrevolusjonen – den neolittiske revolusjonen
Mange meiner at overgangen frå jeger- og sankarsamfunn til jordbrukssamfunn er den viktigaste overgangen i verdshistoria. Overgangen har fått nemninga jordbruksrevolusjonen. Ordet revolusjon gir signal om at det var ein brå overgang – men kor brå var han eigentleg?
- Kva meiner vi med omgrepet den neolittiske revolusjonen?
- Når og kvar gjekk den neolittiske revolusjonen føre seg?
- Gjer greie for føresetnadene for denne revolusjonen.
- Kva konsekvensar fekk denne revolusjonen?
- Korleis blei jordbruket drive i den første tida?
Nettstad:
http://pluto.hive.no/pluto2003/hhaugest/nsm/presentasjon/neolittisk/
Artikkel om den neolittiske revolusjonen. Om du lurer på kven som har skrive denne artikkelen, og kor påliteleg han er, kan du finne det ut ved å slette eitt og eitt ord mellom skråstrekane i adresselinja, frå høgre mot venstre. Begynn med å slette «neolittisk/», så slettar du «presentasjon/». Oppdater nettsida ved å trykkje «enter» mellom kvart ord du slettar, og studer kva informasjon som ligg på sida du får opp.