Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  3 (Jordbruk og sivilisasjonar)   >  Portrett  >  Minos
   
  3. JORDBRUK OG SIVILISASJONAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Minos – kongen for minoarane

Ut frå gresk mytologi var kong Minos konge på Kreta. Europas første sivilisasjon har fått namn etter ham – den minoiske kulturen. Minos var son av sjefsguden Zevs og prinsessa Europa. Kona til Minos, Pasiphae, får eit barn med ein kvit tyr. Barnet, Minotauros, er halvt tyr og halvt menneske. Minos sperrar Minotauros inne i ein labyrint i palasset i Knossos.

Fleire rivalar
Minos får etter kvart fleire rivalar til trona. Thesevs, son av Egeus som var konge i Athen, reiser til Kreta for å drepe Minotauros og dermed vinne makta. Thesevs seier til far sin at han skal heise eit kvitt flagg når skipet hans kjem heim, som teikn på at han har overlevd. Thesevs drep Minotauros, men gløymer avtalen om flagget på heimvegen. Da faren ser eit svart flagg, trur han sonen er død og kastar seg i havet. Derfor heiter havet no Egeerhavet etter ham.

Ein trist død
Kong Minos får ein trist lagnad. Han blir drepen av prinsesser i badet, da dei heller varmt vatn over han. Sivilisasjonen som ber namnet hans, får også ein brå undergang, men årsakene til at sivilisasjonen gjekk under, strir ein framleis om.