Lovene til Hammurapi og Moses – berre hemn?
![]() |
"Auge for auge, tann for tann", står det i 2. Mosebok 21,24.
Desse to sitata illustrerer fleire viktige poeng frå dei tidlege sivilisasjonane i Vest-Asia:
Likskapar
- Det var ei vanlig oppfatning at overgrep skulle hemnast.
- Harde lover skulle verke avskrekkande på potensielle forbrytarar.
- Nokre av lovene vi finn i dei fem mosebøkene, er inspirerte av Hammurapis lovsamling. Det var altså viktige likskapar mellom dei jødiske og babylonske lovene.
Skilnader
Men les ein lovsamlingane nøye, finn ein også store skilnader. Mange av Hammurapis lover handlar om jordbruket langs Eufrat og Tigris, der vedlikehald av diker og vatningskanalar var viktig. Og folket hadde fleire gudar. Dei halvnomadiske jødane i det tørre Sinai og Palestina hadde berre éin gud: Jahve. I mosebøkene blir folket oppmoda til å sørgje for dei fattige i landet. Slike humanitære omsyn finn vi ikkje hos Hammurapi.