Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  3 (Jordbruk og sivilisasjonar)   >  Portrett  >  Hatsheptsut
   
  3. JORDBRUK OG SIVILISASJONAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Hatsheptsut – den einaste kvinnelege farao

Hatsheptsut av Egypt var ektefødd dotter av farao Tutmose 1. Han hadde ingen gjenlevande ektefødde soner.

Gift med halvbroren
Hatsheptsut blei tvinga til å gifte seg med halvbroren sin, Tutmose 2., som var fødd utanfor ekteskap, slik at han kunne bli farao. Berre ektefødde soner, eller menn som gifta seg med ektefødde døtre av farao, kunne arve trona.

Regjerte som sonens verge
Hatsheptsut og Tutmose fekk ingen soner, men med ei anna kone fekk Tutmose ein son, også kalla Tutmose. Faren døydde da sonen berre var to år gammal, og dermed blei han farao, Tutmose 3. Hatsheptsut regjerte som sonens verge i to år, før ho krona seg sjølv til farao i 1488 f.Kr.

Fredsæl farao
Bileta av henne framstiller ho som farao, altså som ein mann, blant anna med kongeleg skjegg. Ho lét byggje fleire tempel, det mest kjente er hennar eige dødstempel i Luxor. Arkitekten bak dette storslåtte byggverket var hennar nære venn Senmut. Etterfølgjarane hennar gjorde det dei kunne for å utslette alle spor etter den kvinnelege faraoen. Hatsheptsut skil seg ut frå andre faraoer, først og fremst fordi ho er kvinne, men også fordi det ikkje var nokon krigar i hennar regjeringstid.