Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  4 (Antikken)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve
   
  4. ANTIKKEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Forsvarstalen til Sokrates

A Kva argument bruker Sokrates for å forsvare seg?
B Bruk lenkja frå Ariadne.no og finn ut kva som var bakgrunnen for rettssaka, og kva som blei resultatet av saka.
C Den romerske filosofen Cicero seier: «Da Sokrates stod framfor dommarane, talte han til dei som om han var herren og læraren deira.» Synest du Cicero har rett? Grunngi svaret.

Kjelde: Forsvarstalen til Sokrates

Men det som eg før sa, at det har komme opp mykje hat mot meg blant mange, veit de godt er sant. Og det er det som kjem til å felle meg, blir eg dømd; uviljen og hatet frå mengda. Det har felt mange gode menn før og vil nok gjere det i framtida; det er nok ingen fare for at eg blir den siste.

Kan hende vil einkvan seie: «Men skjemmest du ikkje, Sokrates, for at du har drive med slikt som det er fare for no kan koste deg livet?» Men han kan eg med rette svare: «Du fører låk tale, du menneske, såframt du meiner at ein som det er det minste tak i, skal rekne med sjansane for liv og død, i staden for berre, i alt han gjer, å tenkje etter om han gjer rett eller urett og om det er god eller låk manns verk! Etter ditt resonnement var dei dårlege, alle dei halvgudane som fall ved Troja, og mest av dei alle Akilles, for han rekna faren for inkje, når valet var å gi seg av med noko ærelaust.» (…)

Tenk så at de vidare seier: «Sokrates, vi lèt oss ikkje overtale av dei som klagar deg, men frikjenner deg og lèt deg gå på det vilkåret at du ikkje held fram med denne granskinga og filosoferinga; blir du gripen i det, skal du døy.» Om de altså som sagt sleppte meg fri på det vilkåret, da ville eg seie til dykk: «Eg høgaktar og held av dykk, atenarar, men eg vil lyde guden meir enn dykk! Og så lenge eg andar og maktar det, skal eg ikkje halde opp med å filosofere, formane dykk og vise dykk til rettes, kven eg så råkar på, slik at eg seier til han som eg plar: «Gode mann, du som er borgar av Aten, denne store byen som er så kjend for visdom og makt, skjemmest du ikkje over at du stadig strevar med å skaffe deg mest mogleg pengar, ry og ære, men ikkje bryr deg om klokskap og sanning og betring av sjela – det har du ingen tanke for?» Og mæler nokon av dykk imot og seier at han legg vinn på desse ting, vil eg ikkje straks sleppe han eller gå frå han. Eg vil spørje, prøve og motprove han. Og tykkjer eg ikkje at han har vunne dygd, men likevel seier at han har det, vil eg skjenne på han fordi han legg minst vekt på det som er mest verdt.

Det skal eg gjere med ung og gammal, kven eg råkar på, både framandfolk og bysbarn, men mest bysbarna, fordi de er meg nærmast.
Dette byr guden meg, skal de vite, og eg meiner at det aldri har hendt dykk større gode i byen enn dette mitt virke i gudens teneste. For det er ikkje anna eg gjer når eg går omkring, enn å formane dykk, både unge og gamle, at de ikkje må syte for kroppen eller pengane like mykje som eller meir enn – for det å få sjela så god som råd er. Eg seier til folk at ikkje kjem dygd av pengar, men ved dygd for folk både pengar og alle andre gode ting, det gjeld både einskildmann og stat.

Frå Platon: Sokrates‘ forsvarstale. Samlaget, 1990 (omsett av Anfinn Stigen, språkleg tilpassa her)