Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  4 (Antikken)   >  Portrett  >  Orakelet i Delfi
   
  4. ANTIKKEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Orakelet i Delfi – midtpunktet i verda

Orakelet i Delfi
Ut frå gresk mytologi er Delfi grunnlagt av Zevs for å markere midtpunktet i verda. Opphavleg var Delfi ein heilag stad for å dyrke jordgudinna Gaia. Symbolet for Gaia var ein slange, Phyton, og ei prestinne, Phytia. Desse var bindeleddet mellom Gaia og menneska. Det blei bygd eit tempel i Delfi, og eit presteskap etablerte seg der.

Tvitydige svar på viktige spørsmål
Dei arrangerte seansar der orakelet viste seg og svarte på spørsmål. Seansane starta med at Phytia drakk av ei kjelde ved tempelet. Inne i det inste rommet i tempelet fall ho i transe og talte i tunger. Prestane omsette det ho sa, til tolinja strofer. Svara var som oftast tvitydige, og det var opp til den som hadde spurt orakelet om råd, å tyde svaret.

Leiande menn tillit til orakelet
Orakelet hadde mykje å seie i det sjuande og sjette hundreåret f.Kr., og dei leiande mennene i Athen tok sjeldan viktige avgjerder utan å ha rådført seg med orakelet først.