Alexander den store – skapte eit imperium og la grunnlaget for romarriket
![]() |
Framstilit som gud
Alexander kombinerte militære og vitskapelege interesser. Han ønskte dessutan at soldatane hans skulle få barn med kvinner i områda dei erobra, og slik fremje ein einskapleg kultur. Alexander blei framstilt som ein gud. Han var den første som kontrollerte eit så stort imperium, og han la grunnlaget for Romarriket.
Ung krigarkonge
Alexander var sonen til den makedonske kongen Filip 2. Mora, Olympias, var gresk, og Alexander hadde filosofen Aristoteles som lærar. Filip 2. blei myrda 336 f.Kr., og Alexander blei konge, berre 20 år gammal.
Populær blant soldatane
På grunn av indre uro og felles interesser mellom Hellas og Makedonia blei Alexander øvstkommanderande for ein gresk-makedonsk hær som sette ut for å invadere Persarriket. Han var ein dyktig general, og fordi han også var ein modig soldat, blei han populær blant soldatane.