Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  4 (Antikken)   >  Portrett  >  Hannibal
   
  4. ANTIKKEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Hannibal – Romarrikets største fiende

Hannibal (247–182 f.Kr.) var general i byen Kartago, ein fønikisk bystat i det som er Tunisia i dag. Byen blei grunnlagd i det åttande hundreåret f.Kr. og var eit handelssentrum med stor innverknad på det vestlege Middelhavet.

Krigen mellom Kartago og Roma
Kartago og Roma hadde motstridande interesser og gjekk mot kvarandre i fleire krigar, dei såkalla puniske krigane. Faren til Hannibal, Hamilcar Barca, tapte øya Sicilia til romarane, men erobra Spania. Dette fekk romarane til nok ein gong å gå til krig mot punarane, som romarane kalla dei, men da hadde Hannibal teke over førarskapen etter faren.

Felt av eigen taktikk
Hannibal var ein briljant militær taktikar og ville overraske romarane ved å angripe frå nord. Dermed drog han frå den iberiske halvøya og over Alpane med hæren sin av leigesoldatar, hestar, forsyningar og – elefantar! Han utsletta to romerske armear, men klarte ikkje å ta Roma. Den romerske generalen Scipio Africanus sette kursen mot Kartago, og han slo Hannibal ved hjelp av ein taktikk Hannibal sjølv hadde brukt.

Sjølvmord
Etter ei stund måtte Hannibal flykte til Tyrkia, men romarane kravde han utlevert. Hannibal ville ikkje overgi seg. Han tok gift, og døydde, 64 år gammal. Dermed var det største hinderet for vidare ekspansjon borte for romarane.