Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  4 (Antikken)   >  Portrett  >  Marcus Brutus
   
  4. ANTIKKEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Marcus Brutus – svikar med sterke menn i ryggen

Vi kjenner dei siste orda til Cæsar: "Også du, min son Brutus." Men kven var no denne Brutus (85 f.Kr.–42 f.Kr.)? Namnet hans blir den dag i dag sett i samband med svik. Kvifor drap Brutus Cæsar?

Cæsar, ein tyrann?
Mange i Roma oppfatta Cæsar som ein tyrann, og det var ein tøff maktkamp mellom ulike grupperingar i republikken. Brutus var på ingen måte aleine om drapet på Cæsar. Rundt 50 senatorar pressa Brutus til mordet, og Gaius Cassius var den mest framståande av dei.

Driven av slektas forventing eller hemnlyst?
Lagnaden til Brutus var at han nedstamma frå ein mann som heitte Lucius Brutus. Fem hundre år tidlegare hadde Lucius drive bort den siste kongen i Roma. Gaius Cassius hevda at Brutus burde leve opp til stamfaren sin og ta på seg drapet på Cæsar. Dermed slutta det, som vi veit, med at Brutus dolka ned Cæsar i senatet i år 44 f.Kr. Det faktum at Cæsar hadde vore elskaren til Brutus‘ mor, kan kanskje også ha hatt noko med saka å gjere. Men om det veit vi ingen ting.