Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  4 (Antikken)   >  Portrett  >  Kleopatra
   
  4. ANTIKKEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Kleopatra – dronninga av Egypt

Kleopatra (69–30 f.Kr.) var berre 17 år da ho blei dronning av Egypt. Ho regjerte saman med broren sin, Ptolomaios Dionysos, som ho var gift med, og som berre var 9 år! Etter tre år blei Kleopatra driven bort frå trona av broren og mannen sin.

Politikar med klare mål
Men romarane ville ha kontroll over Egypt, og Cæsar hjelpte Kleopatra med å vinne over broren og ta trona tilbake. Kleopatra var ein drivande politikar med stor utstråling og sjarm, og ho skal ha vore svært språkmektig. Cæsar lét seg sjarmere, og dei to fekk ein son saman. Kleopatra følgde med Cæsar til Roma, noko fiendane hans mislikte.

Politisk spel med dramatisk utgang
Etter at Cæsar blei drepen, drog Kleopatra tilbake til Egypt, men heldt fram med å irritere romarane da ho innleidde eit forhold til Antonius. Han og Cæsars etterfølgjar, Octavian, kjempa om makta som keisar i Romarriket. Antonius var gift med Octavians søster, så forholdet mellom Antonius og Kleopatra var ikkje akseptabelt, sjølv om dei fekk tre barn saman.

Det endelege slaget
Dei tapte for Octavian i slaget ved Aktion i 31 f.Kr. Antonius tok sitt eige liv, og Kleopatra prøvde å forføre Octavian, men utan å lykkast. Da ho skjønte at slaget var tapt, tok også ho sitt eige liv ved å la seg bite av ein slange.