Roger Bacon – ein munk med moderne syn på vitskapen
![]() |
Krut, flygemaskinar og briller
Han var den første europearen som skildra korleis ein kunne lage krut, men den praktiske bruken av det gjekk han ikkje inn på. Han skildra også flygemaskinar og briller, utan å forsøkje å lage dei.
Eit farleg rennesansemenneske
Bacon kan stå som representant for den kulturelle blomstringa som skjedde på 1200-tallet. Ein føresetnad var den fornya kontakten med antikkens kultur, og særleg Aristoteles‘ filosofi, formidla av arabarane.
Kyrkja og vitskapen
Bacon interesserte seg for mange vitskapar; optikk, matematikk, kjemi og astronomi (men også for astrologi og alkymi), og han forsøkte å få paven, Clement 4., til å gå inn for at kyrkja skulle engasjere seg i vitskapeleg forsking. Clement 4. døydde, og Bacon måtte tole både forfølging og fengsel. Den moderne vitskapen måtte vente enno 300 år på å få eit gjennombrot.