Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  5 (Mellomalderen i Europa)   >  Portrett  >  Marco Polo
   
  5. MELLOMALDEREN I EUROPA
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Marco Polo – den mest berømte reiseskildringsforfattaren i verda

Marco Polo (1254–1324) kom frå ein rik familie av handelsmenn i Venezia, den gong Europas handelssentrum, og dessutan ei stormakt. Byen hadde skumma den økonomiske fløyten av korstoga og handla intensivt med Asia.

Den lange reisa
Då han var 15–16 år gammal, kom faren og onkelen tilbake frå ein lang og utbytterik tur. Dei var blitt ambassadørar for den mektigaste herskaren i verda, mongolkeisaren Khublai Khan, og i 1271 la Marco Polo i veg austover med dei igjen. Dei blei borte i 24 år.

Frå tenestemann hos Khublai Khan til krigsfange i Genova
Marco Polo fekk etter kvart stor tillit som tenestemann hos Khublai Khan, og han opplevde, såg, hørtee og lærte mye om forhold europearar i samtida visste lite eller ingenting om. Da han kom tilbake til Europa, blei han først rana, og deretter hadde han eit svare strev med å få nokon til å tru at han var den han var.

I eksil
Litt seinare hamna han som krigsfange i Genova. Der dikterte han skildringa om reisa til ein medfange. Det er kanskje ikkje så rart at han valde å leve resten av livet i fred og ro i Venezia.