Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  5 (Mellomalderen i Europa)   >  Portrett  >  Johan av Luxembourg
   
  5. MELLOMALDEREN I EUROPA
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Johan av Luxembourg – upopulær krigarkonge

Johan av Luxembourg (1296–1346) representerer essensen av europeisk 1300-talspolitikk på høgt nivå. Han var son av ein keisar, Henrik 7. Han fekk avsett ein keisar, Ludvik 4. Og han blei far til ein keisar, Karl 4.

Militære eventyr
Sjølv blei han altså ikkje keisar, men han fekk elles mykje ut av livet. I 1310 gifta han seg til den böhmiske (tsjekkiske) trona. Som böhmisk konge kunne han så presse befolkninga for skattar til å finansiere dei stadige militære eventyra sine. Johan elska å slåst og deltok i tallause slag og riddarturneringar. Han blanda seg inn i det som var av konfliktar i samtida, førte krig mot Litauen, Russland, Ungarn, England og Austerrike og utvida Böhmens territorium.

Felt av eigen stormannsgalskap
I Böhmen var han heller lite, og politikken hans gjorde han så upopulær at han ikkje våga la sonen Karl vere der heller. Johan deltok i hundreårskrigen på fransk side, tok Jeanne d‘Arc til fange og selde henne til engelskmennene for 10 000 franc. Han døydde i den same krigen da han som blind (!) insisterte på å ri til kamp i slaget ved Crécy i 1346.