Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  6 (Vikingtid og rikssamling)   >  Arbeidsoppgåver  >  Prosjektoppgåve  >  Olav den heilage og slaget på Stiklestad
   
  6. VIKINGTID OG RIKSSAMLING
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Olav den heilage og slaget på Stiklestad

Olav Haraldsson, som blei kåra til helgen etter at han var død, har ein heilt spesiell plass i noregshistoria. På Stiklestad, der det berømte slaget gjekk føre seg, er det oppretta eit museum som formidlar denne historia.


Prosjektoppgåve:

Nettstaden under er frå Stiklestad Nasjonale Kultursenter. Informasjonen elevane finn her, kan dei bruke til å lage ei framstilling av Olav Haraldsson – den heilage – og slaget på Stiklestad. Oppgåva «Ei grav blir opna …» på side 46–48 i Arbeidsportal kan også vere til hjelp.

Undervisningsopplegget høver godt som eit prosjektarbeid der elevane arbeider saman i grupper. Når det gjeld sjølve framstillingsforma, ligg det her til rette for mange kreative og spennande løysingar, så elevane kan med fordel få relativt fritt spelerom i arbeidet.


Nettstad:

http://www.stiklestad.no
Nettsidene til Stiklestad Nasjonale Kultursenter. Klikk deg inn på «Historie» og deretter på dei ulike emna («Helgenkongen og helgendyrking», «Olav Haraldsson», «Slaget i 1030»).