Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  6 (Vikingtid og rikssamling)   >  Arbeidsoppgåver  >  Multimedieoppgåver  >  Vikingane
   
  6. VIKINGTID OG RIKSSAMLING
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Vikingane

På nettstaden til Kulturhistorisk museum finn du fleire lydklipp om ulike emne frå vikingtida. Vel ut eitt av dei fire emna under, og lytt til dei to lydklippa som hører til det emnet du har valt.


A. Vikingar i Amerika:
(lydklipp: ”Vikinger i Amerika 1 og 2”)
  1. Kvifor kalla vikingane Amerika for Vinland?
  2. Kva folkegrupper budde frå før i Amerika, og korleis var forholdet mellom dei?
  3. Kvar i Amerika busette vikingane seg, og kva var årsaka til at dei busette seg her?
  4. Når og korleis kom dei til Amerika?

B. Diktinga til vikingane:
(lydklipp: ”Vikingenes diktning 1 og 2”)
  1. Kvifor var det så viktig for vikingane å dikte?
  2. Kva dikta dei om?
  3. Kva for ein kjend vikingdiktar blir nemnt i lydklippet?

C. Våpna til vikingane:
(lydklipp: ”Vikingenes våpen 1 og 2”)
  1. Kva type våpen hadde vikingane?
  2. Kva avgjorde kva slags type våpen dei hadde?
  3. Kvar fekk vikingane våpna sine frå?

D. Korleis pynta vikingane seg?
(lydklipp: ”Hvordan vikingene pyntet seg 1 og 2”)
  1. Kva syn hadde vikingane på det å pynte seg?
  2. Gi nokre eksempel på korleis vikingane pynta seg.
  3. Kva fargar brukte dei, og kva fargar hadde mest status?
  4. Kva funksjon hadde tatoveringar?