Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  7 (Mellomalderen i Noreg)   >  Arbeidsoppgåver  >  Prosjektoppgåve  >  Mellomalderbyggverk
   
  7. MELLOMALDEREN I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Mellomalderbyggverk

Læraren ber elevane om å lage ein presentasjon av eitt eller fleire norske mellomalderbyggverk. Elevane kan anten velje byggverk frå lista under, eller velje eit anna byggverk frå mellomalderen. Kanskje det finst eit mellomalderbyggverk i nærleiken av der elevane bur?

Når elevane arbeider med å innhente informasjon om det mellomalderbyggverket dei har valt, kan dei også prøve å vurdere kvaliteten på informasjonen. Eit tips er å finne ut kva bakgrunn forfattaren av ein presentasjon av byggverket har.

Prosjektoppgåva høver godt som gruppearbeid, der kvar gruppe presenterer eitt byggverk. Presentasjonen kan for eksempel vere eit foredrag, ein plakat, ei nettside eller ein lysbiletepresentasjon.


Forslag til mellomalderbyggverk:
  • Nidarosdomen i Trondheim
  • Håkonshallen i Bergen
  • Mariakyrkja i Bergen
  • Kyrkjeruinane i Gamlebyen i Oslo
  • Klosterruinane på Hovedøya i Oslofjorden