Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  7 (Mellomalderen i Noreg)   >  Portrett  >  Magnus Lagabøte
   
  7. MELLOMALDEREN I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Magnus Lagabøte – monark som fekk orden i lovene

Magnus Lagabøte (1238–1280) var sonen til Håkon Håkonsson og blei regjerande monark etter at faren døydde i 1263. Tilnamnet fekk han for dei store forbetringane han gjorde av lovverket.

Landskapslova
Landskapslovene blei samandregne til Landslova (den første i Norden), og lova blei vedteken på tinga i 1274/1276. Her blei det slått fast at riket ikkje måtte delast, og at det skulle gå i arv til den eldste ektefødde sonen.

Bylova
For kjøpstadene blei det utarbeidd ei felles Bylov, og aristokratiet, riksembetsmennene og hirda fekk privilegia og pliktene sine nøye definerte i Hirdskråa.

Europear med diplomatiske gåver
Magnus var fredeleg, elska prakt og innførte fleire utanlandske skikkar ved hirda. Blant anna fekk dei øvste klassane i hirda titlane baron og riddar – etter europeisk mønster.

Strid og semje med erkebiskopen
Erkebiskop Jon Raude motsette seg at Magnus skulle revidere den kyrkjelege lovgivinga og utarbeidde sin eigen kristenrett. Usemja enda med semja (Sættargjerden) i Tønsberg 1277. Magnus blei gravlagd i Franciskanarklosteret i Bergen.