Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  7 (Mellomalderen i Noreg)   >  Portrett  >  Håkon 5. Magnusson
   
  7. MELLOMALDEREN I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Håkon 5. Magnusson – den siste kongen frå Sverreætta

Håkon 5. Magnusson (1270–1319) blei hertug over Opplanda, Oslo og Færøyane, da faren døydde i 1280. Han blei hylla og krona i 1299 som nærmaste tronarving etter at broren Eirik døydde sonelaus.

Oslo blei rikshovudstad
Oslo blei no sete for kanselliet til kongen og tok dermed over som rikshovudstad etter Bergen.

På veg mot unionen
Tidlegare hadde Håkon gifta seg med den nordtyske grevedottera Eufemia av Arnstein. Han hadde leitt etter ektefelle og partnar både i Frankrike og England, men til slutt blei det Eufemia, også dette av politiske årsaker. Under kroninga av paret i Oslo kunne ein, ut frå det som står i dei islandske annalane, gå om lag 700 meter ute frå Ørene til Hallvardskyrkja på «dunklede, kostbar silke og baldakin».

Håkon hadde regjeringskraft
Håkon regjerte med kraft, avskaffa jarle- og lendmannstitlane og avgrensa den verdslege makta til biskopane. Han heldt også fram krigen med Danmark til 1309. Da han døydde i 1319, blei dottersonen, Magnus Eriksson, konge i Noreg. To månader seinare blei han vald til konge av Sverige. Dermed tok unionstida til. Håkon blei gravlagd i Mariakyrkja i Oslo.