Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  7 (Mellomalderen i Noreg)   >  Portrett  >  Dronning Margrete
   
  7. MELLOMALDEREN I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Dronning Margrete – skaparen av Kalmarunionen

Margrete (1353–1412) var yngste dottera til den danske kongen Valdemar Atterdag. Da ho var 10 år gammal, blei ho gift med Håkon 6. Magnusson som var arving til både den norske og svenske trona.

Regjerte for sonen
Ho budde på Akershus slott, og 17 år gammal fødde ho den einaste sonen sin, Olav, som blei arving til tronene i Noreg, Sverige og Danmark. Ettersom alle syskena til Margrete var døde, blei den unge Olav valt til konge av Danmark da Valdemar døydde i 1375. Mannen til Margrete, Håkon, døydde i 1380, og da blei Olav konge i Noreg også. Olav var berre eit barn, og det var Margrete som styrte.

Heldt på makta
I 1387 døydde Olav, og det såg ut til at grunnlaget for Margretes makt var borte. Men Margrete var sterk og drivande, sjølv om alle mennene rundt henne døydde. Ho blei valt til "mektige frue og husbonde og hele rigets mægtige formynder" i Noreg, Sverige og Danmark.

Skaparen av Kalmarunionen
I 1397 fekk ho krona dottersonen til systera si, Erik av Pommern, som konge over dei tre rika og laga ein unionsavtale i den svenske byen Kalmar. Slik blei Kalmarunionen til. Margrete styrte fram til ho døydde av pest om bord på skipet sitt i 1412.