Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  7 (Mellomalderen i Noreg)   >  Portrett  >  Olav Engelbrektsson
   
  7. MELLOMALDEREN I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Erkebiskop Olav Engelbrektsson – Noregs mektigaste mann

Olav Engelbrektsson (ca. 1480–1538) var den siste erkebiskopen i Noreg. Erkebiskop blei han i 1523, og frå da var han den mektigaste mannen i Noreg. Han var også leiar i det norske riksrådet.

Eit sjølvstendig Noreg under katolsk styre
Det var ei uroleg tid. Danskane styrte Noreg, og den katolske kyrkja var truga av lutherske idear. Olav hindra at protestanten Fredrik I blei krona i Norge, og støtta heller katolikken Kristian II. Målet hans var eit sjølvstendig Noreg under ein katolsk konge.

Borg med inspirasjon frå da Vinci
Olav blei ståande aleine i denne kampen og måtte flykte til borga Steinviksholm i Trondheimsfjorden. Borga hadde han bygd som ei festning etter inspirasjon frå Leonardo da Vinci. Erkebiskopen var nemleg ein vidreist mann, og var lenge i Roma.

Flykta frå Noreg
Til slutt måtte Olav flykte frå Noreg. Om det var for å sikre si eiga makt at han kjempa så hardt mot reformasjonen, eller om han hadde religiøse eller nasjonalistiske mål, er ikkje godt å seie. Han kjempa med alle middel, og drap til og med for å nå måla sine. Elles blir han skildra som ein klok og elskeleg mann.