Dyveke – den vakraste jenta i Bergen
Dyveke (ca. 1490–1517) budde i Bergen saman med mora, Sigbrit Willums. Dei kom frå Nederland, og mora dreiv ølsal. Dyveke var uvanleg vakker, den vakraste jenta i Bergen, blei det sagt.
Elskerinna til kronprisen
Da kronprins Kristian var på besøk i Bergen i 1507, forelska han seg i den da 17 år gamle Dyveke, og ho blei elskarinna hans.
Kvinner med makt i det skjulte?
Dyveke og mora flytte til Oslo med han, og han fekk bygd eit eige hus til dei på Akershus. Kristian blei kong Christian 2. i 1513, og da flytte begge kvinnene med han til København. Men allereie året etter gifta Christian seg med den 13 år gamle habsburgske prinsesse Elisabeth, rettnok utan at han sjølv var til stades i bryllaupet! Dyveke heldt fram å vere kvinna til kongen. Dette mislikte mange, ikkje minst fordi mora Sigbrit var blitt rådgivar for kongen.
Drept med gift
Dyveke døydde i 1517, og det seiest at ho blei forgifta. Etter ei rettssak det står tvil om, blei Torben Oxe, høvedsmann på slottet i København, dømd til døden for å ha stått bak. Kongen likte nemleg dårleg rykta om at Torben hadde beila til Dyveke. I dag kan du finne Dyvekes veg i Oslo, men ingen veg ber namnet til kong Kristian.