Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  8 (Næringsutvikling i Noreg)   >  Portrett  >  Siri Jakobsdotter Aksdal
   
  8. NÆRINGSUTVIKLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Siri Jakobsdotter Aksdal (1818–1911)

Siri Jakobsdotter (1818–1911) gifta seg med Torstein Persson i Sandeid kyrkje i Ryfylke i 1833. Ho var da berre 15 år gamal. Fem år seinare overtok dei farsgarden til Torstein på Aksdal i grannebygda Etne.

Miste mann og barn
I 1866 hadde Torstein med seg tyfus-smitte da han kom heim frå sildefiske ved Karmøy, og han og fire av borna døydde. Siri bestemte da at gardsbruket skulle delast. Eldste gjenlevande son fekk den største parten, mens ho overlet resten til foreldra sine, som ho no henta frå Sandeid.

Hardt arbeid
Men det var Siri og den nye mannen hennar som dreiv småbruket og skaffa utkoma. I 1888 gav ho småbruket over til sonen Torstein. Ho hadde da fostra opp ni born, opplevd at foreldra, to ektemenn og fire born var døde frå henne, og skaffa levebrød til to av sønene sine. Siri døydde i 1911.