Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  8 (Næringsutvikling i Noreg)   >  Portrett  >  Jørgen Thormøhlen
   
  8. NÆRINGSUTVIKLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Jørgen Thormøhlen – frå Hamburg til Bergen

Jørgen Thormøhlen (1640–1708) var son av ein vinhandlar i Hamburg. I 1664 tok han farsarven med seg og flytta til Bergen i Noreg. Han løyste borgarbrev og fekk dermed rett til å drive handel og handverk i byen.

Imponerte kongen og blei kommersedirektør
21 år seinare var kong Kristian 5. på besøk i Bergen, og Thormøhlen fungerte som vert. Han viste fram alt han hadde skapt i byen: reperbane, saltkokeri, trankokeri, såpekokeri, kjøpmannshandel og skipsreiarlag. Kongen blei så imponert at han utnemnde Thormøhlen til kommersedirektør, ein slags norsk næringsminister, og gav han løyve til å utferda eigne pengesetlar.

Bybrannen gjorde slutt på alt
17 år deretter igjen, i 1702, sette den store bybrannen i Bergen siste punktum for Thormøhlens finansimperium. I kapitalismens eventyrland Noreg kunne alt skje.