Code Napoleon
A Gjer greie for det franske samfunnet under Napoleon med utgangspunkt i Code Napoleon.
B Kva avgrensingar har denne lova som historisk kjelde?
C Samanlikn utdraget frå Code Civil med erklæringa om menneskerettane av 1789 (sjå side 106 i Arbeidsportal). Kva hadde forandra seg frå 1789?
Kjelde: Utdrag frå Code Civil
Napoleon fekk utarbeidd eit einskapleg lovverk som skulle gjelde for heile Frankrike. Lovverket, Code Civil, blei ferdig i 1804.
§ 213 Ektemannen skuldar kona si vern, kona skuldar ektemannen lydnad.
§ 217 Kona kan ikkje gi, avhende, pantsetje eller kjøpe noko, anten det er for ingenting eller mot ein viss kostnad, ikke eingong av eigne midlar, utan samtykke frå ektemannen i handlinga eller skriftleg godkjenning frå han.
§ 229 Ektemannen kan forlange skilsmisse etter utruskap frå kona si side.
§ 230 Kona kan forlange skilsmisse etter utruskap frå ektemannen si side når han har halde konkubina si i det huset ekteparet har felles.
§ 376 Dersom barnet er mindre enn 16 år, og fram til det er myndig, kan faren sperre det inne inntil ein månad, og, for å oppnå dette kan presidenten for den lokale domstolen, på førespurnad frå faren, skrive ut arrestordre.
§ 377 Frå fylte 16 år og fram til myndig alder kan faren forlange å få barnet innesperra i høgst seks månader om han vender seg til presidenten for den nemnde domstolen, som, etter å ha konferert med den keisarlege aktoren, skriv ut arrestordre, eller som nektar det, og kan, i første tilfelle, forkorte den arresttida som faren ønskte.
Frå Sølvberg mfl. Historiske kilder før 1850. Aschehoug, 1986 (omsett til nynorsk her)