Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  11 (17. mai-feiring)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  17. mai-feiring
   
  11. 17. MAI-FEIRING
 
Arbeidsoppgåver
 

17. mai-feiring

Grunnlovsdagen, 17. mai, er den norske nasjonaldagen og blir feira over heile landet av festkledde menneske med flagg, barnetog og hornmusikk. Frå slottsbalkongen i Oslo vinkar kongefamilien til folket.
  1. Når begynte ein å feire 17. mai med å gå i tog, og når blei barnetog og folketog vanleg?
  2. Kven var initiativtakarane til desse tradisjonane?
  3. Kva for nasjonalsongar har Noreg hatt, og kven skreiv dei? Når blei dei skrivne?
  4. Er 17. mai det mest norske vi har? Les utdraget frå boka Typisk norsk og grunngi svaret ditt.
  5. Kva synest du er det viktigaste ved 17. mai i våre dagar?
Nettstader

http://no.wikipedia.org/wiki/17._mai_(grunnlovsdag)
Om 17. mai-feiringa i dag og bakgrunnen for feiringa. Frå Wikipedia.

http://foreninger.uio.no/seilerne/syttende/syttende.html
Om den historiske bakgrunnen for 17. mai-feiringa. Sida er utvikla av "Tårnseilerne", ei ideell foreining som arbeider aktivt for å fremje klassiske verdiar innanfor musikk, litteratur og utøvande kunst, og som har teke initiativ til og gjennomført ei rekkje arrangement. Foreininga er knytt til Universitetet i Oslo.

http://folk.uio.no/geirthe/Typisk8.html
Utdrag frå Thomas Hylland Eriksen. Typisk norsk: essays om kulturen i Norge.