Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  13 (Ein historisk person)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve  >  Amerikabrev som kjelder
   
  13. EIN HISTORISK PERSON
 
Arbeidsoppgåver
 

Amerikabrev som kjelder

Nordmennene som kom til USA og busette seg der, sende brev heim til familien i Noreg. I breva fortalde dei korleis dei hadde det. Nokre gonger inviterte dei familiemedlemer til å komme over dei også.

Er brev pålitelege historiske kjelder? Kva er det ein fortel om i eit brev? Er det noko ein ikkje fortel om? Dette er spørsmål du kan ha i bakhovudet når du les amerikabreva. Kjeldegranskingsskjemaet på side 8 i Arbeidsportal kan også vere nyttig viss du skal granske breva kjeldekritisk.

På nettstaden under finn du over 500 amerikabrev og artiklar om amerikabreva. Vel ut eitt eller fleire frå perioden 1850–1914, frå ein eller fleire personar.

Bruk kjeldegranskingsskjemaet på side 8 i Arbeidsportal og gi ei vurdering av amerikabreva som kjelder til utvandringshistoria. Skriv ned det du finn ut med grunngivingar og eksempel frå breva.


Nettstader

http://www.nb.no/emigrasjon/brev_oversikt_forfatter.php
Nettutstillinga «Det løfterike landet» - frå nettsidene til Nasjonalbiblioteket. Oversikt over amerikabrev. Klikk deg inn på dei breva du vel.