Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  13 (Ein historisk person)   >  Arbeidsoppgåver  >  Prosjektoppgåve  >  Lage eit slektstre
   
  13. EIN HISTORISK PERSON
 
Arbeidsoppgåver
 

Lage eit slektstre

Kapittel 13 handlar om ein historisk person – 19 år gamle Margit frå Suldal i Ryfylke på Vestlandet. I kapittelet får elevane eit innblikk i livet til Margit og familien hennar, og den tida da ho levde. I denne prosjektoppgåva skal vi derimot ikkje fokusere på Margit – her er det elevane som historiske personar det skal handle om.

Kor mykje veit elevane om si eiga historie, og om slekta si? Dei fleste elevane kjenner nok til besteforeldra sine, men kor mykje veit dei om oldeforeldra, eller om tippoldeforeldra? Er elevane oppkalla etter nokon i slekta? Ein måte å kartlegge slekta på, og få svar på slike spørsmål, er gjennom eit slektstre.

Be elevane om å lage eit slektstre. På nettstadene under kan dei finne mange tips om kvar dei kan leite for å finne informasjon om slekta si, og om korleis dei kan lage ei slik oversikt. Etterpå kan elevane samanlikne slektstrea. Kor mykje fann dei ut om slekta si?


Nettstader:

http://www.genealogi.no/node/41
”Førstehjelp for slektsforskere”. Artikkel frå heimesida til genealogi.no.

http://www.arkivverket.no/arkivverket/Tema/Slektsgransking
Om slektsgransking frå arkivverket.no.

http://www.dinstartside.no/?side=kategori&kategori=slektsforskning_slektstre
Nettside med informasjon om slektsgransking og program til å lage digitale slektstre.

http://dinslekt.no/bilder/eksempel_no.pdf
Eksempel på slektstre laga på dinslekt.no

http://www.besteforeldre.no/Aktivitetstips/Slektstre.htm
Eksempel på enkelt slektstre frå besteforeldre.no