Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  14 (Det moderne Noreg blir til)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Befolkningsutvikling
   
  14. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Befolkningsutvikling

Demografi er læra om befolkningsutvikling. Det vil seie kor mange menneske som lever i eit land, kor mange som blir fødde og kor mange som døyr. Kor mange kvinner og kor mange menn lever i landet? Kor mange flyttar ut og inn av landet? Alt dette seier oss noko om befolkningsutviklinga, for eksempel i Noreg.

No skal du arbeide med ei oppgåve der du skal skaffe deg ei oversikt over befolkningsutviklinga i Noreg i perioden 1850–1914. Kjeldene er statistikk frå Statistisk sentralbyrå og diverse artiklar. Svar på spørsmåla, eller lag di eiga framstilling ved hjelp av nettstadene under.
  1. Korleis utvikla folketalet i Noreg seg i perioden?
  2. Korleis var utviklinga i levealder i Noreg?
  3. Korleis var utviklinga i levealder for menn og for kvinner?
  4. Korleis utvikla fødselstala seg?
  5. Kva skjedde med spedbarnsmortaliteten?
  6. Kva kan du seie om gjennomsnittleg alder for giftarmål?
  7. Kor stor var utvandringa frå Noreg i denne perioden?
  8. Kvar utvandra nordmenn til?
  9. Kor mange flytta til Noreg, og kvar kom dei frå?
  10. Kva var årsakene til at dei flytta?
  11. Kvar flytta folk innanfor Noregs grenser?
  12. Kva var årsakene til det du har funne ut om befolkningsutviklinga i spørsmål 1–6?