Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  14 (Det moderne Noreg blir til)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Kampen mot sjukdommane
   
  14. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Kampen mot sjukdommane

Opp gjennom historia har verda vore utsett for pestar, eller epidemiar, som vi kallar det i dag. Dette er smittsamme sjukdommar som spreier seg fort og som ein ikkje har nokon tilgjengeleg medisin mot, anten fordi medisinen ikkje finst, eller fordi dei som treng han ikkje har tilgang til han.

På nettstadene under kan du lese om dei store sjukdommane og epidemiane i Noreg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Les artiklane og teksten i Portal, og svar på spørsmåla.
  1. Kva for sjukdommar er omtalte?
  2. Korleis arta dei ulike sjukdommane seg?
  3. Kva var årsakene til sjukdommane?
  4. Kva slags tiltak blei sette i verk for å få bukt med sjukdommane?
  5. Kva fortel reglementet frå St. Jørgens Hospital om korleis det var å vere tilsett og pasient der?
  6. Kva for reglar galdt for dei spedalske på St. Jørgens Hospital?
  7. Trekk ut hovudpunkta i «Lov angaaende Spedalskes Afsondring og Indlæggelse i Offentlig Pleie- eller Helbredelsesanstalt m. V. av 1885» (lenkje under).
  8. Gi ei vurdering av reglementet ved St. Jørgens Hospital og Loven om spedalske av 1885 som kjelder med særleg vekt på truverde og nytte (lenkje under).
  9. Korleis vil du skildre menneskesynet som kjem til uttrykk i desse kjeldene? (Er du i tvil om korleis du skal identifisere eit menneskesyn, kan du slå opp i Arbeidsportal side 21.)
  10. Kva for nye oppdagingar og oppfinningar kom innan medisinsk forsking på slutten av 1800-talet og på byrjinga av 1900-talet og kva konsekvensar fekk desse nyvinningane?

Nettstader

http://www.bar.oslo.kommune.no/OBA/aktuelt_arkiv/kolera.asp
Om kolera i Oslo i 1853. Artikkel frå nettsidene til Oslo kommune.

http://www.nettbiblioteket.no/utstillinger/armauerhansen.html
Nettutstilling frå Bergen Offentlige Bibliotek om Gerhard Armauer Hansen.

http://www.bymuseet.no/?vis=324
Artiklar frå Lepramuseet i Bergen. Klikk deg inn i menyen til høgre.


http://www.tekniskmuseum.no/utstillingene/utstillinger-pa-medisinsk-museum/sunn-sjel-i-et-sunt-legeme”Sunn sjel i et sunt legeme”. Nettutstilling frå Nasjonalt Medisinsk Museum. Bruk menyen til venstre.

http://www.bymuseet.no/?vis=80
Nettsidene til Lepramuseet i Bergen.

http://www.bymuseet.no/?vis=383
Reglement frå St. Jørgens Hospital.

http://www.bymuseet.no/?vis=390
Lov om spedalske frå 1885.