Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  14 (Det moderne Noreg blir til)   >  Arbeidsoppgåver  >  Prosjektoppgåve  >  Utvandring
   
  14. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Utvandring

Mange av elevane har truleg slektningar som har utvandra til Amerika, og ein morosam aktivitet kan vere å søkje etter slektningar i arkiva til Ellis Island.

Her kan ein både søkje på personnamn og namn på fartøy. Elevar som ikkje har familie som har emigrert, kan kanskje søkje etter familiane til kjende personar? Eller kva med å sjå litt på passasjerlistene frå Olympic, søsterskipet til Titanic?

Vidare kan elevane bruke digitalarkivet og sjå på folketeljingane frå 1801, 1865, 1875 og 1900. Kan dei finne igjen dei utvandra slektningane sine i nokre av folketeljingane frå før utvandringa? Kva kan dei finne ut om slektningane sine gjennom desse sidene?

Elevane kan kanskje skrive ein rapport etterpå, der dei gjer greie for funna sine?