Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  14 (Det moderne Noreg blir til)   >  Portrett  >  Sam Eyde
   
  14. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Sam Eyde – eit industrieventyr

Samuel (Sam) Eyde (1866–1940) blei fødd inn i storborgarskapet i Arendal i ein familie primært knytt til treskipsreiarlaga, men Eyde valde å utdanne seg til bygningsingeniør i Tyskland.

Utbygging av fossekrafta
Han avslutta studiane i 1891, og i dei neste åra arbeidde han utanlands med ulike anlegg: Jernbanestasjonar, hamner og brukompleks. Men hausten 1898 drog Eyde tilbake til Noreg og etablerte sitt eige ingeniørkontor i Kristiania. Då jernbane- og hamneoppdraga tørka ut, konsentrerte han seg om fossekraft. Det var først knytt til utbyggingsplanar og fossesal for andre, seinare blei han gründer.

Eit industrieventyr
Saman med Kristian Birkeland utvikla han den såkalla lysbogemetoden som gjorde det mogleg å utvinne salpeter av nitrogen frå lufta. Kombinert med dei enorme vasskraftressursane i Noreg opna dette for ein eventyrleg kunstgjødselindustri; Norsk Hydro med Elektrokjemisk som eit slags overordna selskap.