Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  15 (Tal som kjelde)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Barnearbeid
   
  15. TAL SOM KJELDE
 
Arbeidsoppgåver
 

Barnearbeid

Barn arbeidde i dei første fabrikkane i Noreg. Dette var vanleg også andre stader i verda, og er det framleis i ein del fattige land. Noreg var også eit fattig land på slutten av 1800-talet. Gjennom å lære om korleis barnearbeid blei avskaffa i Noreg, så kan vi kanskje avdekkje noko av dei prosessane andre land må igjennom før barnearbeid forsvinn også der.
  1. Bruk tabellen du finn på den første av nettstadene under. Gjer greie for kor mange barn som arbeidde i fabrikkindustrien i perioden 1870 til 1915. Sjå også på kva for typar industri som sysselsette flest barn.
  2. Kva var bakgrunnen for arbeidet med lover som avgrensa barnearbeidet?
  3. Kva meinte ulike grupper om barnearbeid i perioden 1870 til 1914? Alternativt: Kva for argument blei brukte for og imot barnearbeid i perioden 1870 til 1914?
  4. Kva for positive og negative sider meinte ein barnearbeid hadde?
  5. Kva gikk lova for avgrensing av barnearbeid ut på?

Nettstader

http://www.ssb.no/a/histstat/aarbok/tab-2000-09-13-01.html
Tabell frå historisk statistikk frå Statistisk sentralbyrå.

http://www.ssb.no/a/histstat/artikler/art-2000-09-13-01.html
Artikkel frå Statistisk sentralbyrå om barnearbeid i industrien frå 1870 til 1915.