Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  15 (Tal som kjelde)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Arbeid og løn
   
  15. TAL SOM KJELDE
 
Arbeidsoppgåver
 

Arbeid og løn

Løn kan seie oss noko om kva for yrke som er og har vore akta i samfunnet. Løn seier altså noko om status og om ulike samfunnsgrupper. Ved å samanlikne løn i ulike tidsperiodar, kan vi sjå ei utvikling og vi kan forstå kva for samfunnsoppgåver som er verdsette til ulike tider.

På nettstadene under finn du tabellar som viser talet på sysselsette i ulike næringar i Noreg i perioden 1865 til 1910. Bruk desse til å svare på spørsmåla.
  1. Ranger dei ulike næringane du finn på den første av nettstadene etter kven av dei som hadde flest og færrast sysselsette i 1865 og i 1910. Lag ei liste for kvart av dei to årstala og samanlikn dei. Kva seier dette om utviklinga i norsk næringsliv?
  2. Kva for skilnader finn du i løn mellom ulike yrkesgrupper? (Kven tente mest/minst?)
  3. Kva for skilnader finn du mellom kvinner og menn med tanke på inntekt og yrkesval?
  4. Kva for skilnader finn du mellom bygd og by?
  5. Korleis var lønsutviklinga for ulike grupper i perioden?