Unionsoppløysinga
I 2005 feira Noreg 100-årsjubileum som sjølvstendig nasjon. I 1905 blei unionen med Sverige oppløyst. Korleis skjedde det? Kvifor skjedde det? Les artiklane på nettstadene nedanfor og svar på spørsmåla.
- Gi ei skildring av innhaldet i unionen mellom Noreg og Sverige mellom 1884 og 1905. Kva var det som knytte landa saman?
- Gjer greie for årsakene til unionsoppløysinga.
- Kva var 7. juni-vedtaket?
- Kva blei resultatet av folkeavrøystinga om oppløysing av unionen 13. august 1905?
- Lenkja til SSB fører til ein tabell som viser resultatet av folkeavrøystinga i 1905. Kva fortel tabellen om kvar motstanden mot unionsoppløysinga var størst? Kva trur du er årsakene til dette?
- Korleis freista norske styresmakter å påverke folk til å røyste, og ville dei at folk skulle røyste?
Nettstader:
http://www.nb.no/baser/1905/skolesidene/kil_index.html
Nasjonalbibliotekets nettstad om 1905. Her finn du det meste av det du treng å vite om 1905.
http://www.nb.no/baser/1905/tema_soren.html
Artikkel om unionsoppløysinga.
http://www.nb.no/baser/1905/tema_konsulat.html
Artikkel om konsulatsaka.
http://www.nb.no/baser/1905/tema_7juni.html
Artikkel om 7. juni-vedtaket.
http://www.nb.no/baser/1905/skolesidene/images/sub_2b4.jpg
Innlegg i Aftenposten før folkeavrøystinga.
http://www.nb.no/baser/1905/tema_folk.html
Artikkel om folkeavrøystinga.
http://www.ssb.no/emner/historisk_statistikk/tabeller/25-25-8t.txt
Tabell frå historisk statistikk som viser resultatet av folkeavrøystingane i 1905.
http://www.nb.no/baser/1905/skolesidene/images/sub_2c1.jpg
http://www.nb.no/baser/1905/skolesidene/images/sub_2b_emneb.jpg
http://www.nb.no/baser/1905/skolesidene/images/sub_2b_emnec.jpg
http://www.nb.no/baser/1905/skolesidene/images/opp_3b5_1.jpg
Opprop og plakatar utgitte i samband med folkeavrøystinga.