Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  16 (Det norske demokratiet veks fram)   >  Arbeidsoppgåver  >  Prosjektoppgåve  >  Parlamentarismen
   
  16. DET NORSKE DEMOKRATIET VEKS FRAM
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Parlamentarismen

Parlamentarismen blei innført i 1884 og er eit viktig ledd i demokratiseringa av det norske samfunnet. Men dette stoffet kan verke tungt og tørt og vanskeleg. Derfor er det viktig at ein del omgrep blir klargjorde for elevane, slik at dei forstår årsakssamanhengen bak innføringa av parlamentarismen.

Nokre sentrale omgrep i kapittel 16 som elevane bør forstå:
  • Embetsmannsstaten
  • Parlamentarisme
  • Statsrådssaka
  • Vetostriden
  • Riksrett
  • 7. juni-vedtaket
Elevane kan først ta for seg omgrepa individuelt, før dei diskuterer definisjonen av dei i grupper på 3–4 elevar. Til sist kan gruppene presentere og definere eitt omgrep kvar.