Christian August Selmer – konservativ politikar
![]() |
Ureint spel
Han leidde både Forsvarsdepartementet og Justis- og politidepartementet gjennom desse åra, og det siste året sat han som statsminister. Under den bitre kampen om statsrådane sin tilgang til Stortinget fekk han kongen, Oscar 2., til å avslå kompromissforslaga frå venstresida. Statsrådsaka enda med riksrettstiltale våren 1883.
Planar om opprør
Mens riksretten sat saman, gjesta Selmer kongen på slottet Sofiero og drøfta ein plan om at regjeringa skulle bli sitjande mot ein dom. Blei det opprør, skulle det brukast våpenmakt. Deretter skulle grunnlova endrast ved m.a. paragrafar om absolutt veto og fyrstekammer. Planen fekk svært lita støtte og blei ikkje offentleg kjend i samtida.
Frådømd stillinga si
Våren 1884 fall dommen. Selmer og ministrane hans blei funne skyldige i å ha medverka til sanksjonsnekten frå kongen. Selmer og fleire av statsrådane blei frådømde embeta sine. Kort tid etter blei Selmer utnemnd til generalauditør for hær og marine.