Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  17 (Imperium og koloniar)   >  Arbeidsoppgåver  >  Prosjektoppgåve  >  Imperialismen
   
  17. IMPERIUM OG KOLONIAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Imperialismen

I denne oppgåva skal elevane ta føre seg utviklinga av den europeiske imperialismen mellom 1870 og 1914. Dei skal både sjå på kva årsaker som låg til grunn for imperialismen, og diskutere kva følgjer imperialismen fekk for dei imperialistiske statane og for dei delane av verda som blei underlagde imperia.

Klassen deler seg i grupper som tek for seg kvar sitt geografiske område, som for eksempel Afrika, Asia eller Sør-Amerika. Kvar gruppe arbeider med éi eller fleire av problemstillingane som er førte opp under.

Aktuelle problemstillingar:
  1. Kva var attraktivt for kolonimaktene i det aktuelle området?
  2. Korleis var det mogleg for kolonimaktene å ta kontroll over dette området?
  3. Kva følgjer fekk imperialismen for området?
  4. Kva slags reaksjonar blei kolonimaktene møtte med? Fanst det for eksempel organiserte motstandsrørsler?