Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  20 (Den store katastrofen)   >  Arbeidsoppgåver  >  Prosjektoppgåve  >  Den første verdskrigen – ein historisk person
   
  20. DEN STORE KATASTROFEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Den første verdskrigen – ein historisk person

Denne oppgåva legg vekt på kreativitet, empati og kjeldebruk. Elevane skal skrive ein tekst der dei lever seg inn i ein historisk person. Dei kan sjølve velje namn, tid og stad. I dette tilfellet dreier det seg om ein fiktiv person, men teksten skal vere basert på kjeldemateriale. Derfor er det viktig at elevane gir opp kva kjelder dei har brukt.

Eksempeloppgåver:
  1. Du er ein ung kvinneleg sjukepleiar på Vestfronten. Vel stad og tidspunkt og skriv dagbok frå ein dag i livet ditt.
  2. Du er ein ung fransk soldat som skriv brev heim til kjærasten din. Vel stad og tidspunkt sjølv.