Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  21 (Kommunisme og nazisme)   >  Arbeidsoppgåver  >  Prosjektoppgåve  >  Nazismen – ein totalitær ideologi
   
  21. KOMMUNISME OG NAZISME
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Nazismen – ein totalitær ideologi

Undervisningsopplegget er tredelt, og heile klassen kan delast i tre grupper (og dei ulike gruppene kan eventuelt delast i tre). Dei ulike delane i oppgåva berører kvarandre på fleire område. Vi anbefaler derfor ein felles diskusjon til slutt, slik at heilskapsbiletet kjem klarare fram. Somme stader er det også spørsmål om emne som ikkje har direkte med nazismen å gjere, men som likevel kan kaste lys over sjølve temaet.

Til grunn for denne oppgåva ligg nettstaden: http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/fascina.htm

Alle spørsmåla under kan elevane svare på ved hjelp av nettsidene som det er forslag om til kvar del.

Nettstaden digitalokkupasjon.no har også ei lenkjesamling som kan brukast dersom nokon vil fordjupe seg i somme tema. Da må dei rekne med å komme inn på engelsk- og tyskspråklege nettstader.


A Propaganda-apparatet

Nazistane klarte ved hjelp av moderne teknologi og eit velfungerande propaganda-apparat å forføre den tyske befolkninga. Ved å løyse oppgåvene under kan elevane få eit innblikk i korleis dette apparatet fungerte.
  1. Korleis klarte nazistane å motivere det tyske folket til å kjempe trass i motgangen?
  2. Kva slags bilete blei skapt av Hitler?
  3. På kva måte brukte nazistane litteratur, aviser, film og radio i propaganda-apparatet?
  4. Kva rolle hadde Joseph Goebbels i organisasjonen til nazistane?
  5. Kvifor lét store delar av den tyske befolkninga seg overtyde av nazistane?
  6. På kva måte retta nazistane propagandaen mot utlandet? Var det vellykka?
  7. Korleis fungerte propaganda-apparatet til dei allierte?
  8. Kva funksjon hadde Hollywood for den amerikanske krigføringa?
Nettstader:

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/arier02.htm
Dette er hovudsida for propaganda-delen. Her er det også stoff om fleire tema som ein kan ta med. I tillegg finst ein del lenkjer til andre interessante sider på norsk og engelsk.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/propag02.htm
Om den tyske propagandaen under den andre verdskrigen.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/propag01.htm
Slik blei biletet av "Føraren" skapt.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/radio01.htm
Det tredje riket og radioen.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/boker.htm
Bøker og litteratur under nazistane.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/aviser.htm
Avisene i Det tredje riket.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/film1.htm
Filmen i Det tredje riket.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/Hitgal1.htm
Om korleis det nazistiske regimet var mogleg.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/propag03.htm
Tysk propaganda retta mot utlandet.

http://www.digitalokkupasjon.no/propaganda/2vk.htm
Om den andre verdskrigen og propaganda, med lenkje til Hollywood nedst på sida.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/alliert.htm
Propagandaen til dei allierte.


B Estetikk

Synet på kunst, musikk, det skjønne og det grusame var ein viktig del av den nazistiske ideologien. Alt skulle tilpassast systemet og presenterast for befolkninga på ein overtydande måte.
  1. På kva måte kan nazismen samanliknast med eit stort teater?
  2. Kva var spesielt med Nürnberg-dagane?
  3. Kva syn hadde nazistane på arkitekturen?
  4. Korleis stilte nazistane seg til ulike musikkformer?
  5. Kva blei sett på som god kunst av nazistane?
  6. Kva blei sett på som dårleg kunst?
  7. Kva konsekvensar hadde dette synet på kunsten for menneskesynet?
  8. Kva er likskapane mellom kunstsynet i Tyskland under Hitler og i Sovjetunionen under Stalin?
Nettstader:

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/fascina.htm
Dette er hovudsida for estetikkdelen. Her finst også meir interessant stoff, og det finst lenkjer til andre interessante sider på norsk og engelsk som ein kan ta med der det er relevant.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/riter3.htm
Dei enorme arrangementa og framsyningane som nazistane sette i verk.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/pdag01.htm
Om partidagane i Nürnberg.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/arkitek1.htm
Om arkitektur under nazismen.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/musikk01.htm
Musikken i Det tredje riket.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/utartet1.htm
Synet på ekte og uekte kunst under nazismen.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/bilkun1.htm
Om biletkunsten.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/kunst01.htm
Generelt om estetikk under nazismen.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/Blut.htm
Om teknologi og estetikk.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/Total01.htm
Om kunst og kunstsyn i Tyskland under Hitler og i Sovjetunionen under Stalin.


C Organisering og inndeling

Nazismen var ein kollektivistisk ideologi. Einskildmenneska måtte underordnast systemet. Dei som ikkje passa inn, måtte fjernast.
  1. Korleis blei det nazistiske samfunnet organisert?
  2. Korleis var forholda i partiet og i makteliten?
  3. Kva oppgåver hadde SA og SS?
  4. Korleis skulle oppdraginga av ungdommen vere?
  5. Kva gjekk den nazistiske raselæra ut på?
  6. Kva var Tysklands misjon?
  7. Kva slags forhold hadde nazistane til religion?
Nettstader:

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/makt01.htm
Dette er hovudsida for oppgåvene om organisering og inndeling. Her finst også vidare lenkjer til interessante sider på engelsk og norsk som ein kan ta med i oppgåvesvaret der det er relevant.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/makt03.htm
Om det gjennomorganiserte tyske samfunnet.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/makt02.htm
Om maktforholda i Det tredje riket.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/SS01.htm
Om organisasjonane SA og SS.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/ungdom1.htm
Om organiseringa av ungdommen.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/ubermen1.htm
Om raselæra under nazismen.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/Neuropa.htm
Om nazistane sin misjon og ekspansjon.

http://www.digitalokkupasjon.no/3rike/20januar/Odin01.htm
Om nazismen og religionen.