Slaget om Stalingrad
Slaget om Stalingrad i 1942–1943 har blitt omtalt det verste slaget i historia, og som eit vendepunkt i den andre verdskrigen. I innslaget frå Dagsrevyen i NRK får du møte ei kvinne som deltok som soldat i slaget, og som opplevde dei dramatiske hendingane på nært hald.
- Korleis opplevde den kvinna vi møter i innslaget frå Dagsrevyen, slaget om Stalingrad?
- Kor lenge varte slaget?
- Kor mange menneskeliv gjekk truleg tapt på sovjetisk og på tysk side?
- Kva blei resultatet av slaget om Stalingrad?
Har du lyst til å lære meir om slaget om Stalingrad? I dokumentaren ”Apokalypse – verden i krig” frå NRK får du vite meir om slaget, og sjå filmklipp frå dei dramatiske kampane under den andre verdskrigen.