Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  22 (Den andre verdskrigen)   >  Arbeidsoppgåver  >  Prosjektoppgåve  >  Vendepunkt
   
  22. DEN ANDRE VERDSKRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Vendepunkt

Somme slag og hendingar var svært viktige for utfallet av den andre verdskrigen. Eksempel på dette er åtaket på Pearl Harbor, slaget ved Midway, slaget ved El Alamein, slaget om Stalingrad og invasjonen i Normandie.


Prosjektoppgåve:

Elevane kan arbeide i grupper og ta for seg eitt av desse (eller andre) slaga. Sentrale spørsmål i arbeidet kan vere:
  1. Kva var bakgrunnen for slaget?
  2. Kva skjedde under slaget?
  3. Kva blei utfallet av slaget?
  4. Kvifor blei utfallet av slaget så viktig for den vidare gangen av krigen?

Det ferdige produktet kan for eksempel vere ei veggavis som elevene kan hengje opp i klassen. I tillegg til ei grundig redegjøring for sjølve slaget, og utfallet av det, bør produktet også innehalde bilete, illustrasjonar og/eller kart. Gruppene bør også presentere resultatet munnleg for klassen.


Nettstader:

http://www.leksikon.org/art.php?n=79
Frå Leksikon for det 21. århundrede om andre verdskrig. Leit deg fram til ”Krigens gang”, der du finn informasjon om dei aktuelle hendingane. Dansk tekst.

http://www.dagbladet.no/magasinet/2003/04/04/365733.html
Artikkel frå Dagbladet om slaget ved Stalingrad.

http://home.online.no/~ro-w/normandie/
Historieprosjekt om D-dagen.

http://www.europas-historie.net/andreverdenskrig-1d.htm#overlord
Om ”Operasjon Overlord” (D-dagen) frå nettstaden europas-historie.net. På denne nettstaden kan du også lese om andre slag og hendingar frå den andre verdskrigen.

http://www.godoy.no/weber/2verdskrigweb/PeterAlf03/Pearl.htm
Prosjekt om Pearl Harbour, slaget ved Midway og krigen i Stillehavet.

http://www.eyewitnesstohistory.com/pearl.htm
http://www.eyewitnesstohistory.com/midway.htm
Engelskspråkleg nettstad om slaget ved Midway og Pearl Harbor.

http://www.futura-dtp.dk/SLAG/SlagE/ElAlamein2.htm
Dansk nettstad som tek for seg kjende slag. Her handlar det om El Alamein.