Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  23 (Okkupasjonstid i Noreg)   >  Arbeidsoppgåver  >  Prosjektoppgåve  >  Max Manus
   
  23. OKKUPASJONSTID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Max Manus

Oppgåva til elevane er å lage ein presentasjon av ein historisk person, krigshelten Max Manus. Elevane kan gjerne bruke dei digitale ressursane som er nemnde under. Opplegget kan for eksempel knytast til filmen Max Manus (2008).

Éin mogleg arbeidsmåte er å problematisere forholdet mellom den verkelege og den fiktive Max Manus, men elevane kan også ta opp andre problemstillingar eller spørsmål. Kvifor er vi så opptekne av historiske hendingar som den andre verdskrigen? Kvifor blir somme personar opphøgde til heltar, mens andre (som kommunistiske motstandsfolk og krigsseglarar) blir gløymde?


Ressursar:

Film: Max Manus, 2008. Regi: Espen Sandberg, Joachim Rønning.

http://www.maxmanus.no/Om-Max-Manus/Personen-Max-Manus
Artikkel om Max Manus frå nettstaden maxmanus.no, skriven av Tikken Manus.

http://www.nrk.no/nett-tv/indeks/153557/
NRK Nett-tv: Om filmen Max Manus. Her får du også sjå klipp frå filmen.

http://www.arkivverket.no/arkivverket/Bruk-av-arkiver/Nettutstillinger/Max-Manus
Om Max Manus på arkiverket.no.

http://www.kildenett.org/
Riksarkivets skoleside. Inneheld mykje relevant stoff om den andre verdskrigen, mellom anna om invasjonen, kongen, kvardagsliv under krigen og jødane. Sida er god når det gjeld kjeldekritikk, også om fotografi. Rettleiingar til læraren om oppgåvene.

http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article2822127.ece
«Motstand glorifiseres». Kronikk av Erling Fossen i Aftenposten.


Spørsmål til filmen:
  1. Korleis blir nordmenn og tyskarar framstilte i filmen?
  2. Korleis trur du nordmenn behandla den norske kjærasten til Siegfrid Fehmer etter krigen?
  3. Kvifor trur du filmskaparane har inkludert scenen der Max Manus møter ein sympatisk tyskar på toget?
  4. Kvifor trur du filmen blei så populær?
  5. Kvifor trur du filmen blei så omdiskutert?