Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  26 (Noreg 1945-1995)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Noreg og EU
   
  26. NOREG 1945-1995
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Noreg og EU

I Noreg har vi hatt to folkeavrøystingar om medlemskap i EU. Båe gongene har nordmenn sagt nei til EU. Kvifor? Kva hende i 1972 og i 1994 som gjorde at nei-sida vann? Studer statistikken under og les artiklane.
  1. Kva blei resultatet av folkeavrøystingane om EF i 1972 og EU i 1994?
  2. Kva for skilnader finn du i røystegivinga i ulike delar av landet, og kva kan årsakene vere til desse skilnadene?
  3. Kva for endringar finn du i resultata i ulike delar av landet frå 1972 til 1994, og kva kan årsakene vere til desse endringane?
  4. Kva for argument for og imot medlemskap blei brukte i 1972 og i 1994?
  5. Gjer greie for årsakene til at nei-sida vann i 1972 og i 1994.
  6. Kva for avtaler har Noreg inngått med EU frå 1960 og fram til i dag?

Nettstader:

http://www.ssb.no/histstat/aarbok/ht-000130-004.html
Tabell frå Statistisk Sentralbyrå med resultat etter fylke frå folkeavsrøystingane i 1972 og 1994.

http://www.ssb.no/emner/00/01/30/euvalg/
Full oversikt over resultata frå 1994 frå Statistisk sentralbyrå.

http://www.ssb.no/emner/00/01/30/euvalg/eukart72_94.html
Kart frå Statistisk sentralbyrå som viser endringane i landet frå folkeavrøystinga i 1972 til 1994.

http://www.oslo.net/historie/EU/News/14.html
Artikkel som samanliknar EU-debatten i 1972 og i 1994.

http://www.eudelegasjonen.no/eu_and_country/agreements.htm
Avtaler mellom EU og Noreg. Frå nettsidene til Den Europeiske unions delegasjon til Norge.