Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  26 (Noreg 1945-1995)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Å vere kvinne på 1950- og 60-talet
   
  26. NOREG 1945-1995
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Å vere kvinne på 1950- og 60-talet

1950- og 60-talet var tiåret til husmødrene. Idealet var at mor var heime og stelte hus og barn, mens far forsørgde familien. Det var eit svært tydeleg kjønnsrollemønster. Korleis var det eigentleg å vere kvinne på denne tida?
  1. Kva forventningar møtte psykolog, forfattar og husmor Eva Ramm frå samfunnet til det å vere kvinne i Noreg på 1950-tale?
  2. Kva bestod ”opprøret” til Eva Ramm i, og korleis blei det motteke i samtida?
  3. Kva nye, teknologiske nyvinningar innan reinhald blir trekte fram i artikkelen ”Rengjøring på 50-tallet” ?
  4. Kva var årsaka til at husmødrene brukte like lang tid på reinhald etter at desse nyvinningane, som skulle gjere kvardagen til husmødrene lettare, blei vanlege i norske heimar?
  5. Kven var det som stod bak ”den sosiale kontrollen” av husmødrene? Kva trur du låg bak denne kontrollen?

Nettstader:

http://www.nrk.no/programmer/radio/norgesglasset_40/40/2876095.html
”Med støv på hjernen”. Artikkel frå NRK.

http://www.nrk.no/programmer/radio/norgesglasset_40/40/2870995.html
”Rengjøring på 50-tallet”. Artikkel frå NRK.