Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  27 (Minoritetar i Noreg)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåver  >  Innvandring 1850–1914 – statistikkoppgåve
   
  27. MINORITETAR I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Innvandring 1850–1914 – statistikkoppgåve

I perioden mellom 1850 og 1914 var det mange nordmenn som flytta til USA. Samtidig var det somme som flytta inn til Noreg. Denne oppgåva dreier seg om innvandring, men også om statistikk som historisk materiale. På nettstadene under finn du statistikk frå Statistisk Sentralbyrå om innvandring til Noreg mellom 1850 og 1914. Studer tabellane og svar på spørsmåla.
  1. Kva for grupper innvandra til Noreg?
  2. Kor mange innvandra?
  3. Kvar busette dei seg?
  4. Kvar kom dei frå?
  5. Kva var norske styresmakter sin politikk overfor innvandrarane?
  6. Kva trur du er grunnlagsmaterialet for desse tabellane?
  7. Er historisk statistikk ei påliteleg kjelde? Les siste avsnitt i artikkelen om innvandring og teksten under dei to tabellane. Trekk fram dei punkta frå desse tekstane som du meiner fører til at statistikk skal brukast med varsemd.

Nettstader:

http://www.ssb.no/emner/02/sa_innvand/arkiv/sa20/sammendrag.shtml
Artikkel om innvandring frå Statistisk sentralbyrå.

http://www.ssb.no/a/histstat/tabeller/3-3-9t.txt
Tabell over befolkning etter fødeland.

http://www.ssb.no/a/histstat/tabeller/3-3-30t.txt
Flytting til og frå utlandet – statistikk.