Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  27 (Minoritetar i Noreg)   >  Portrett  >  Ole Henrik Magga
   
  27. MINORITETAR I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Ole Henrik Magga – same og verdsborgar

Ole Henrik Magga (1947–) tok doktorgraden i 1986. Avhandlinga tok han, som den første nokonsinne, på morsmålet sitt, samisk.

Engasjert i politikken
Magga har kjempa for rettane til urfolk og samar i mange år. Allereie i 1976 var han med og stifta Rådet for urbefolkningar. Han var formann i Norske Samers Riksforbund frå 1980 til 1985. Då Sametinget blei oppretta i 1989, blei Ole Henrik Magga den første presidenten, eit verv han hadde til 1997.

Same og verdsborgar
På den måten blei han den fremste representanten og talsmannen for samane i Noreg. Magga er reindriftssame frå Kautokeino og professor ved Samisk høgskole, men han er også ein verdsborgar. I 2002 blei han den første leiaren for FNs forum for urbefolkningar.