Du er her: Hovudsida  >  Påbygging  >  Påbygging  >  29 (Midtausten)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve
   
  29. MIDTAUSTEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lysbiletepresentasjon
 

Kva kan kart fortelje om konflikten mellom jødar og arabarar i Midtausten?

Her finn du ti kart som fortel ein del om korleis kampen om eit ganske lite landområde inst i Middelhavet har gått føre seg, frå slutten av 1800-talet fram til 2000. Med unntak av eitt kart er alle henta frå den same nettstaden. Det vil seie at du må bruke kjeldekritiske ferdigheiter og spørje:
  • Kva slags nettadresse er brukt? Nokre standard-suffiks:
com = bedrift
ac = akademisk organisasjon
edu = utdanningsorganisasjon
org = privat eller offentleg organisasjon
~ = privat person/organisasjon
  • Hører denne nettstaden til ein privatperson, ein organisasjon, ei bedrift eller ein offentleg institusjon?
  • Kva slags opplysningar er gitt om den som har laga nettstaden?
  • Kor lett tilgjengelege er slike opplysningar?
  • Kva utvegar har du dersom du vil kontakte den ansvarlege for nettstaden? Adresse, telefonnummer, e-postadresse?
  • Kven betaler for nettstaden? Finst det reklame eller ikkje på nettstaden?
  • Er nettstaden open, lukka eller delvis lukka, eller er det ei betalingsside?
  • Når blei nettstaden sist oppdatert?

startsida for nettstaden finn du i hovudmenyen punktet «About Us». Bruk nokre minutt på å undersøkje i kva grad du får svar på spørsmåla over. Dette er altså ein nettstad som er laga av ein palestinsk organisasjon. Inneber det at nettstaden gir eit einsidig bilete av konflikten mellom jødar og arabarar? Dette spørsmålet må vi heile tida ha med oss når vi analyserer karta og tekstane som følgjer med karta.

Karta som vi har brukt, finn du under menypunktet «Palestine Facts & Info». Klikk deg vidare på «Maps» og «Palestine maps». Vi har plukka ut ni av karta du finn her, og skrive kommentarar. Midtausten er eit svært kontroversielt tema som vekkjer sterke kjensler. Både utvalet vårt av kart og kommentarane våre er laga ut frå ønsket om å gi eit nyansert og sakleg bilete av det som har skjedd i området gjennom dei siste hundre åra. Hugs at utvalet av fakta kan vere vel så viktig som spørsmålet om det som blir presentert, faktisk er korrekt. Under kvart kart vil du finne opplysningar om kvar kartet er henta frå, men også at kartet er «tilrettelagt». Det kan vere gjort for at det skal vere enklare å sjå hovudtrekka i det som blir presentert. Eller kan det også vere andre grunnar?

I Arbeidsportal vil du i kapittel 37 «Midtausten» (side 192-201) finne tekstkjelder som gir viktig bakgrunnsstoff for karta. Side 436-442 i Portal – Verdshistorie og noregshistorie etter 1750 tek også for seg regionen Midtausten, med særleg fokus på konflikten mellom jødar og arabarar.



Kart 1: Palestina. Den første jødiske busetjinga 1878

Kommentar: Kartet gir eit klart inntrykk av at jødane var ein liten minoritet i Palestina i 1878. Ordet «colony» er brukt, noko som kan gi eit negativt inntrykk. Bruk ein søkjemotor og undersøk når Sionistorganisasjonen blei danna. Eksisterte denne organisasjonen i 1878? I teksten står det at det geografiske området som er vist på kartet, og som blir kalla Palestina, er det som blei Mandat-Palestina i 1922. Som du vil sjå av neste kart, eksisterte ikkje Palestina som politisk, regional eller geografisk einig i 1878. Samanlikn omsetjinga vår av overskrifta på kartet med den engelske formuleringa på nettstaden. Kva er skilnadene?


Kart 2: Tyrkiske administrative distrikt i Syria før 1914

Kommentar: Tyrkarane styrte Midtausten i ca. 400 år, fram til 1914. Området som seinare blei skilt ut og kalla Palestina, var ein del av dei tyrkiske regionane Syria og Beirut, slik kartet viser. Den sørlege delen av det som seinare blei Palestina, var eit sjølvstendig fylke med namnet Jerusalem.

Teiknforklaring:

1: Jerusalem. Sjølvstendig fylke.
2–7: Fylka Nablus, Acre, Beirut, Tripoli og Latakia.
5: Provinsen Libanon.
--- : vilayet (region)
… : sanjak (fylke)

Målestokk: 1 cm = 45 km

Kartet er henta frå L. Stein: The Balfour Declaration. New York: Simon & Schuster, 1961.


Kart 3: Sykes-Picot-avtalen 1916

Kommentar: Under den første verdskrigen blei England og Frankrike hemmeleg samde om ei oppdeling av Midtausten etter at Tyrkia var drive ut av området. Frankrike skulle ha direkte og indirekte kontroll over den nordlege delen, mens England skulle ha tilsvarande rettar i den sørlege og austlege delen. Direkte kontroll innebar at franske og britiske embetsmenn skulle styre og utvikle regionen fram mot sjølvstende. Indirekte kontroll innebar at arabiske leiarar styrte, men at dei berre skulle kunne hente råd og hjelp hos franske og britiske embetsmenn. Den raude sona med direkte britisk kontroll blei seinare ein del av Irak, og den tilsvarande blå sona blei ein del av Syria.

Det som seinare blei Palestina, skulle styrast i fellesskap av England og Frankrike, på kartet merkt som «Allied condominium». Det meste av dette området hadde England lova til den arabiske leiaren Husain bin Ali i 1915 som ein del av ein sjølvstendig arabisk stat. Kjelde 1 og 2 på side 192–193 i Arbeidsportal handlar om denne prosessen. Husain gjekk ut frå at Palestina var «innanfor dei grensene som sharifen av Mekka set» (sjå punkt 1 i kjelde 1) og dermed skulle vere med i den sjølvstendige arabiske staten.

Men Sykes-Picot-avtalen fastsette hemmeleg at Palestina skulle vere eit område under internasjonalt styre, det vil seie under England og Frankrike. Eitt år seinare, i 1917, fastsette Balfourerklæringa at Palestina skulle vere ein «nasjonalheim» for jødane. Sjå kjeldene 3 og 4 i Arbeidsportal. Innanfor dei tre åra 1915, 1916 og 1917 hadde England og Frankrike laga tre ulike og uforeinlege avtalar om Palestina.

Samanlikn dette kartet med dagens politiske kart over Midtausten, som du finn heilt til høgre på side 438 i Portal – Verdshistorie og noregshistorie etter 1750.


Kart 4: Palestina under det britiske mandatet, 1923─1948

Kommentar: Folkeforbundet, tilsvarande FN i dag, fastsette at det området på kartet som er avgrensa med ein raud, stipla strek, skulle styrast av Storbritannia på vegner av Folkeforbundet, med det mål å utvikle området til sjølvstende. I 1922 blei ein del skild ut som ein sjølvstendig arabisk stat med namnet Transjordan, markert med rosa farge på kartet. Det gule området i vest blei Palestina, som skulle styrast som eit mandat. Området som er avgrensa med ein kraftig blå strek, er det som Sionistorganisasjonen håpa skulle bli den jødiske nasjonalheimen i samsvar med Balfourerklæringa. Balfourerklæringa finn du på side 193–194 i Arbeidsportal, som kjelde 3 og 4. Sionistorganisasjonen rekna heile tida med at «nasjonalheimen» skulle bli ein jødisk stat. Utan at det blei sagt direkte, rekna også britane dei første åra med at «nasjonalheimen» skulle utviklast til ein jødisk stat. Men seinare endra britane dramatisk denne politikken, slik dei neste karta viser.


Kart 5: Peel-kommisjonens delingsplan, 1937

I mellomkrigstida var det ei omfattande jødisk innvandring til Palestina, særleg i 1930-åra. Arabarane blei urolege for utsiktene til å bli ein minoritet, og det utvikla seg nesten til borgarkrig mellom jødar og palestinarar. Britane sette ned ein kommisjon som gjorde forslag om å dele Palestina i ein jødisk og ein arabisk del, med jødane i nord og vest (blått), og arabarane i aust og sør (grønt). Korleis blei spørsmålet om Jerusalem «løyst», og kvifor er denne byen så omstridd? På side 440–441 i Portal – Verdshistorie og noregshistorie etter 1750 finn du meir om Jerusalem.


Kart 6: Woodhead-kommisjonens delingsplan, 1938

Kommentar: Delingsforslaget frå Peel-kommisjonen møtte intens motstand i den arabiske befolkninga. Ei omfattande uro braut laus, og britane heldt på å miste kontrollen. Ein ny kommisjon blei sett ned. Finn tre viktige skilnader mellom delingsplanen til Woodhead-kommisjonen og delingsplanen til Peel-kommisjonen. Gjekk endringane i favør av jødar eller arabarar?


Kart 7: Delingsplanen frå FN og resultatet av krigen i 1948

Etter den andre verdskrigen søkte mange jødar til Palestina. Britane sette strenge grenser for den jødiske innvandringa. Jødiske organisasjonar førte nærmast krig mot det britiske styret, samtidig som arabarane også gjekk mot britane. Britane gav da opp å styre Palestina og overlét ansvaret til FN, som vedtok ei deling av Palestina i ein jødisk og ein arabisk stat i 1947. Jødane godtok planen, men ikkje arabarane. Jødane vann i krigen som følgde. Transjordan erobra eit område på vestsida av Jordanelva (Vestbreidda) og endra namn til Jordan. Jerusalem blei delt mellom Jordan og Israel. (Sjå side 438 i Portal – Verdshistorie og noregshistorie etter 1750 for meir om situasjonen omkring 1948.)

I 1949 kom det til våpenkvile. Det førte til at den nye israelske staten blei utvida kraftig. Men grensene var berre våpenkvilelinjer og ikkje politiske grenser som var godkjende av dei arabiske statane. Samanlikn med delingsforslaga frå 1930-åra. Dei gir noko av bakgrunnen for den arabiske frustrasjonen. Bruk karta på side 438 i Portal – Verdshistorie og noregshistorie etter 1750 og samanlikn erobringane til Israel i 1948─49 med områda som landet fekk tildelt etter delingsplanen frå FN.


Kart 8: Folkeflyttingar 1948–51

Krigen i 1948 og opprettinga av staten Israel førte til at mange palestinarar flykta frå eller blei drivne ut av det området som Israel no bestod av. Samtidig auka innvandringa til Israel sterkt. Kvar slo dei fleste flyktningane seg ned? Kvar kom dei fleste innvandrarane frå?


Kart 9: Midtausten etter junikrigen i 1967

Palestinske flyktningar organiserte seg i motstandsgrupper og førte stadig geriljakrig mot Israel, ofte støtta av arabiske statar. I 1967 kom det til krig mellom Israel på den eine sida og Egypt og Syria på den andre. Israel vann ein overlegen siger og erobra Sinaiørkenen, Gazastripa, Vestbreidda og Golanhøgdene. Etter mange år blei det inngått ein fredsavtale mellom Israel og Egypt som førte til at Israel blei godkjend som stat av Egypt, og at Sinaiørkenen blei gitt tilbake til Egypt. Israel heldt oppe okkupasjonen av Vestbreidda og Golanhøgdene. Du finn meir om bakgrunnen på side 439 i Portal – Verdshistorie og noregshistorie etter 1750.


Kart 10: Vestbreidda og Gazastripa i 2000

I 1990-åra blei forholdet betre mellom Israel og palestinarane. PLO blei godkjend av Israel, og etter kvart førte forhandlingar, mellom anna i Oslo, til at palestinarane fekk eit visst sjølvstyre i ein del område på Vestbreidda, merkte med oransje på kartet. Det var semje om at det etter kvart skulle opprettast ein sjølvstendig palestinsk stat på Vestbreidda og i Gaza. Samtidig oppretta Israel mange busetjingar på Vestbreidda, der store område framleis var under israelsk okkupasjon. Dette var med og førte til palestinske opprør, og til at utviklinga fram mot ein sjølvstendig palestinsk stat gjekk i stå. Kartet viser korleis situasjonen var i mars 2000. Dei sjølvstyrte palestinske områda er gjennomskorne av israelske vegar som knyter saman dei israelske busetjingane. Mange av vegane kan berre brukast av israelarar.